Tore Fossen og Harald Gil Sætre gikk fra Førde til Stongfjorden til inntekt for Fritt Ukraina. Turen er på 39 kilometer og de fikk inn over 33.000 kroner.
– Bakgrunnen var egentlig at dette berre skulle vi gjere, som ein egotripp, sier Tore Fossen.
– Men så fann vi ut at vi kunne gjere turen til noko meir ved å prøve å samle inn noko til eit veldedig formål. Vi la det ut på Facebook og så snappa Firda det opp, og dermed vart det to kjekke artikler om turen, noko vi verkeleg håpar skal gje resultat.
Les også: Tore og Harald har lagt ut på ein spesiell tur (Firda +)
– Kvifor vi gjorde dette? Eg kjenner både Bjørn Inge og Ingvar, og veit at dei gjer ein fantastisk innsats, og derfor valde vi å gå for innsamling til deira arbeid.
Bjørn Inge Geithus og Ingvar Myrvollen er de som står bak Fritt Ukraina, avdeling Sogn og Fjordane.
– Vi har berre eitt liv
– Tenk så heldige vi er, som kan ta ein gåtur i fantastisk natur, rett nok langs FV609, og kan sjå grøne lier, kvite fjelltoppar mot knall blå himmel, utan å føle frykt for bomber, granatar og maktsjuke diktatorar som gjer som dei vil. Tenk på kor godt dei fleste av oss har det, vi kan stort sett gjere som vi vil. Vi kan ete oss mette kvar einaste dag, sove trygt i våre eigne senger, sleppe å engste oss for borna og barneborna våre, og vi kan gå ut på ein pub og nyte eit glas øl eller vin i sommarvarmen, kor tid som helst, utan å føle frykt. Ikkje alle kan det. Tenk på det. Vi har berre eitt liv, og det livet må vi leve medan vi er i live, avslutter Tore Fossen.
Les også: Etter 49 024 skritt var Tore og Harald ønska velkommen til Stongfjorden med champagne (+)
Mandag morgen har de fått inn over 33.000 kroner i innsamlingen.
– Dette er over all forventning, sier Tore Fossen.
Du kan fortsatt bidra til innsamlingen ved å vippse til 850149 (Fossen ENK).